Gjennom eit nasjonalt utviklingsprosjekt om universell utforming, vart ungdomsrådet involvert som styringsgruppe for prosjektet Tryggleik og tilgjenge for ungdom i Stord. Tanken bar prosjektet er at om ungdom føler seg trygge, vil dette òg verke inn på den generelle befolkinga si kjensle av tryggleik.

Me har saman med andre instansar i kommunen arrangert tryggleiksvandring i sentrum. Her vart sentrum kartlagt i eit kriminalitetsførebyggjande perspektiv. Lyssetjing, snublekantar, brannfeller og "usynlege" stader som inviterar til kriminalitet vart peika på. Målsetjinga er at grunneigarar og kommunen gjer grep for å auka tryggleiken.

Me har også kartlagd utrygge stader i våre tre "bydelar" Nordbygdo, Leirvik og Sagvåg/ Litlabø. I denne kartlegginga inviterte me elevråda på ungdomsskulane til å peike på stader dei føler seg utrygge. Arbeidsgruppa plukka ut tre stader frå kvart område, og styringdgruppa/ Ungdomsrådet prioriterte desse, samt valte ut hovudsatsinga.

Gjennom prosjektet hadde me litt midlar til å gjennomføra tiltak ein av stadene. Her fekk me også med oss både grunneigarar og vegmynde i kommunen, stønad frå næringsliv (SKL), og fekk overta brukte lysmaster. Dermed har me no fått på plass belysning av ein skogssti nær Tjønalio skule, ein veg mange som bur i nærområdet brukar.

Dokument

Rapport frå tryggleiksvandring

Sluttrapport for prosjektet