Tilsette og brukarar driv senteret saman. Me legg opp til høg brukardeltaking i alle senteret sine gjeremål. Døme på dette er kontaktmøte som er ope for brukarar og tilsette, kor alle saker som vedkjem aktivitetar både på og utanfor senteret, vert diskuterte og avgjorde.

Opningstider

Måndag klokka 14.00 - 20.00

Tysdag - fredag klokka 08.00 - 15.30

Tilbod/aktivitetar

  • sying
  • trening
  • båt
  • strikking
  • samspel
  • matlaging
  • konsertar
  • vevkurs
  • fagdagar
  • musikkproduksjon
  • malerom
  • bakstehus
  • recovery
  • turar

Kontakt oss

Linn Stakkestad Kvamsøy

tlf. 456 87 35

tlf kontor 975 52 115

e-post adr :  linn.stakkestad.kvamsøy@stord.kommune.no

Send e-post til Hamna kontaktsenter

Adresse

Vidsteenvegen 2, 5417 Stord 

Retningsliner

  1. Me har tilbod om medlemsskap til alle aktuelle personar. Medlemsskapet er frivillig og utan tidsavgrensing. Dette gjeld ikkje når/i tider der personen utgjer eit alvorleg og aktuelt trugsmål mot den generelle tryggleiken i kontaktsenteret. Senteret har kontroll over inntaket av nye medlemer.
     
  2. Ordninga med medlemsskap er oppretta for å synleggjera at ein vil ta ansvar for å støtta einannan og medverka til korleis senteret vert drive.
     
  3. Målet vårt er å vera ein meiningsfull møteplass. Gjennom aktivitet og sosialt samvær ønskjer me å skapa inspirasjon og trivnad i kvar einskild sin kvardag.
     
  4. Medlemane vel sjølv korleis dei vil bruka dagen sin i huset og kva for medarbeidarar dei vil arbeida saman med. Det ligg ikkje føre nokon avtalar, kontraktar, rutinar eller reglar som er utarbeidde med føremål om å tvinga medlemer til deltaking.
     
  5. Ingen vert avvist på grunn av diagnose eller stor omsorgstrong. Det er kvar einskild som avgjer om kontaktsenteret er noko for dei eller ikkje. Alle medlemar er likeverdige. Livssituasjon og dagsform kan variera utan at dette har noko med kor verdifull ein er for kontaktsenteret.
     
  6. Senteret driv oppsøkjande verksemd for å ta vare på medlemar som ikkje møter opp, som er i ferd med i bli isolerte i fellesskapen eller som vert innlagt på sjukehus osb. Nye mogelege medlemar får ekstra oppføljing etter deira ønskje og behov.
     
  7. Kontaktsenteret har som mål at alle møte skal vera opne for medlemar og medarbeidarar. Det skal ikkje førekoma formelle møte for berre medlemer eller berre medarbeidarar kor drifta av senteret vert diskutert.
     
  8. Ansvaret for drifta av huset ligg hos medlemar og medarbeidarar og i siste instans hjå dagleg leiar. Sentralt i dette ansvaret ligg det å engasjera medlemar og medarbeidarar i alle delar av drifta av huset.
     
  9. Medlemar har høve til å delta i alt arbeidet på senteret, inkludert administrasjon, medlemsinntak og introduksjon, oppføljing av medlemar, opplæring, evaluering av medarbeidarar og marknadsføring.
     
  10. Senteret held opne fóra og har rutinar som gjer det mogeleg at medlemar og medarbeidarar får delta aktivt i avgjerder, normalt ved konsensus (at ein diskuterer seg fram til eit felles standpunkt), når det gjeld leiing, utforming av målsetjingar og utvikling av senteret.

Vedteke på Kontaktmøte 15.10.2007