Alle personretta tenester frå kommunen er gratis, men praktisk bistand må ein betala for. 

Alle som søkjer om tenester frå kommunen må kontakta Tildelingskontoret.

Ambulant team 1

Dette teamet tilbyr personretta tenester som blant anna legemiddelhandtering, stell, støttesamtalar, praktisk bistand med opplæring, miljøarbeid.

Tilsette i ambulant team 1 jobbar i turnus dag og kveld. Dei som jobbar i miljøet har lang erfaring og kompetanse til å takle ulike utfordringar/uforutsette hendingar som skjer i løpet av ei vakt.

Dette teamet går todelt turnus frå måndag til fredag:

Dagvakt tilgjengeleg i tidsrommet 07.00-15.00

Kveldsvakt tilgjengeleg i tidsrommet 15.00-22.00

Ambulant team 1 har fokus på å bidra til auka meistring i eige liv ved å tilby:

  • Støttesamtalar og rettleiing
  • Koordinering og utarbeiding av individuell plan
  • Verktøy slik at brukar kan meistre livet
  • Bustad, arbeid og sysselsetting
  • Fysisk aktivitet
  • God fagkunnskap og legemiddel knytt til psykiatri/rus/ og somatisk helse
  • Utlevering/tillaging av medisin
  • Koordineringstiltak/samarbeid med andre instansar som helsesjukepleiar, fastlege, DPS, Valen sjukehus, OT/PPT, NAV, fritidsaktivitetar og ansvarsgrupper

Ambulant team 2

Dette teamet består av psykisk helsearbeidarar som kan tilby støtte til personar som har psykiske helsevanskar og/eller er i ei livskrise og som treng oppfølging i kvardagen.  

Teamet har arbeidstid frå måndag til fredag,  mellom kl 08.00-15.30.

Ambulant team 2 har fokus på å bidra til auka meistring i eige liv ved å tilby:

  • Støttesamtalar og rettleiing
  • Koordinering og utarbeiding av individuell plan
  • Verktøy slik at brukar kan meistre livet
  • Bustad, arbeid og sysselsetting
  • Gruppeterapi/fysisk aktivitet
  • KID-kurs (Kurs i depresjonsmeistring)
  • Fokus på fysisk aktivitet, har turgruppe saman med frisklivsentralen
  • God fagkunnskap og legemiddel knytt til psykiatri/rus/ og somatisk helse
  • God fagkompetanse i psykisk helse og rus
  • Koordineringstiltak/samarbeid med andre instansar som helsesjukepleiar, fastlege, DPS, Valen sjukehus, OT/PPT, NAV, fritidsaktivitetar og ansvarsgrupper.