Me har eit ansvar for å ta vare på naturmangfaldet, både formelt gjennom nasjonale og internasjonale avtalar, og etisk for å vidareføre ei berekraftig verd til framtidige generasjonar.

Lov om naturmangfald har som føremål at ein skal forvalte all natur gjennom berekraftig bruk og vern. Alle sektorar som tek avgjerslar eller utøvar mynde som kan gi konseskvenser for naturen skal retta seg etter lova.

For å ivareteke biologiske verdiar vert det nytta ei rekke kartleggingar av naturmangfald. Disse er på ingen måte komplette, men det kjem stadig nye opplysningar.

Kartlegging av naturmangfald

Det er gjennomført ei større kartlegging av viltet og naturtypane på Stordøy. Resultatet av kartlegginga er lagt fram eiga rapporter med tilhøyrande kart.

Viltkartlegginga omfattar alle landlevande artar i Stord og Fitjar , men det er lagt spesiell vekt på artar med økonomisk verdi, samt truga og sårbare artar. Naturtypekartlegginga er ei registrering, kartfesting og verdisetting av 99 viktige lokalitetar for biologisk mangfald på Stord og Fitjar.

Kunnskapen nyttast aktivt i arealforvaltinga i kommunane, men kan òg vere til glede for alle som har ei interesse for vilt- og naturforvalting.

Rapportar

Viltet på Stord - Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane.

Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Fitjar og Stord.

Karta frå rapportane kan du òg finna digitalt på kartløysinga Naturbase.

Sjå på kartbildet under for å sjå eksempel på kartleggingar av naturmangfald i Fitjar og Stord.

Kartlegging naturmangfald

Framande artar (svartelista)

Framande artar er artar som ikkje høyrer heime i norsk natur. Stord og Fitjar har fleire framande artar - nokon av dei er harmlause og usjålege, mens andre er til stor skade for både dyr, menneske og avling. Dersom slike artar får spreie seg fritt i naturen kan dei fortrenge eller gjere skade på andre artar som har naturleg tilhald hjå oss. Framandartslista frå Artsbanken er ein oversikt over framande artar i Noreg, med utbreiing og risikovurdering.

Framandartslista for 2018

Problemartar på Stord og Fitjar

Plantar

Dei fleste kjenner til brunskogsneglen (Arion vulgaris) som ein framand art, men men også fleire av våre kjære hageplanter er svartelista artar. Populære hageartar som mispel, slirekne, gyvel og hagelupin spreiar seg til utmark og uttkonkurrerar stadegne artar. Veikantane dominerast fleire stader av hundekjeks, kjempespringfrø og svingel, og i skogane våre tek edelgrana og platanlønna tak, mens sitkagrana overtek øyar og lyngheiar.

Les meir om vår bekjemping av hageplanter her.

Mink

Også i dyreverda har me framande artar. Landets fyste frie mink rømde frå Fitjar i 1930, og sidan har dei etablert seg over heile landet. Dei er generalistar, og gjer store innhogg i fugle- og fiskebestandar, i tillegg til at dei predaterar amfibier, kreps og smågnagarar.

Det er fri jakt på mink heile året. For meir informasjon om jakt og fangst på mink kan de kontakte Stord Jeger- og Fiskeforening.

Les meir om jakt på småvilt her.

Vasspest

Det vart i 2011 oppdaga smal vasspest i Ådlandsvatnet. Planta kan verte så dominerande at den både konkurrerar ut andre artar og er til hinder for ferdsel på vatn, for bading og fiske. Planta kan også danne matter på vassoverflata, og m.a. redusere kvaliteten på drikkevatn.

I 2018 vart det også oppdaga vasspest i Vikastemmo

Les meir om vasspest planta her.

Verneområde

I Stord og Fitjar er det til saman ni verneområde. Åtte av dei er naturreservat, som er den strengaste forma for vern, mens det siste er eit landskapsvernområde.

Stord kommune har, som einaste kommune i Hordaland, lokal forvalting av verneområda. Verneområda i Fitjar kommune forvaltast av Fylkesmannen i Hordaland.

Verneområde i Stord kommune

I 2003 fekk Stord kommune innvilga søknad om å få delegert forvaltingsmynde for verneområda. Difor ligg ansvaret for å følgja opp og ta omsyn til vernebestemmingane i dag hjå kommunen. Dette inneber blant anna å gjennomføre skjøtsels- og tilretteleggingstiltak, men óg mynde til å fatte vedtak og på andre måtar følgje opp vernebestemmingane. SFLMK utarbeider forvaltingsplanar for områdane som skal gi retningsliner for forvaltinga.

Hystad naturreservat

Hystad naturreservat vart verna ved kongeleg resolusjon 23. november 1984. Svartorskogen i Hystadmarka er den største svartolder-strandskogen ein kjenner til på kysten av Vestlandet.

Hystadmarka er både verneområde og statleg sikra friluftsområde, noko som gjev både utfordringar og muligheitar. Balansegangen med å ivareta det særskilde naturmangfaldet, og å gje befolkinga muligheit for flotte naturopplevelsar er viktig. Det er utarbeida ei forvaltningsplan for verneområdet der det mellom anna vert fokusert på desse utfordringane.

Forvaltningsplan for Hystad naturreservat
Verneforskrift for Hystad naturreservat

Storsøy naturreservat

Storsøy vart verna som naturreservat 17. desember 1999. Føremålet med fredinga er å sikre eit skogområde med alt av naturleg dyre- og planteliv. Særlege kvalitetar er m.a. kalkfuruskog og rettvaksen furu med innslag av edellauvskog.

Verneforskrift for Storsøy naturreservat

Iglatjødno naturreservat

Iglatjødno naturreservat vart verna 16. desember 1983. Føremålet emd fredinga er å ta vare på eit fint døme på attgroingsmyr og rik flatmyr med fleire sjeldne plantearetar.

Verneforskrift for Iglatjødno naturreservat

Sjoalemyro naturreservat

Sjoalemyro naturreservat vart verna 19. juni 1970. Føremålet med fredinga er å ivareta eit område med stor variasjon av myrtypar.

Verneforskrift for Sjoalemyro naturreservat

Bleikjo naturreservat

Bleikjo vart freda som naturreservat 3. april 1987. Føremålet med vernet er å sikre best mogeleg vilkår for sjøfuglane i området, samt å ta vare på ein viktig hekkelokalitet.

Verneforskrift for Bleikjo naturreservat

Brandvik landskapsvernområde

Brandvik landskapsvernområde vart verne 13. oktober 2000, med plantelivsfredning av barlind og kristtorn.

Verneforskrift for Brandvik landskapsvernområde