Forureining og klima er store tema som omfattar alt frå enkel forsøpling til utslepp av klimagassar. Landbruk- og miljøkontoret forvaltar deler av forureiningslova og utarbeidar klima- og energiplanar.

Klima og energi

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor har utarbeida klima- og energiplanar for Stord og Fitjar.

Klima- og energiplan for Fitjar kommune

Klima- og energiplan for Stord kommune

Forureining

Alle har ein generell plikt til å unngå forureining, jf. forureiningslova § 7. Kommunen kan gi særskilt løyve til forureinande tiltak, noko som krev søknad. Kommunen har òg mynde til å gi pålegg til den ansvarlege for ulovleg forureining. I større forureiningssaker er Fylkesmannen rette mynde.

Forsøpling og ulovlige enkeltutslepp

Forureiningslova § 28 lyd: "Ingen må tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmende eller være til skade eller ulempe for miljøet."

Henvendingar om forsøpling eller anna ureining kan rettast til landbruk- og miljøkontoret, som vil avklara kven som er rette forureiningsmynde og så langt som mogleg kven som er ansvarleg.

Sanitært avlaupsvatn

Skal du ha innlagt vatn til bolig eller fritidsbolig må du samtidig ha godkjent ordning for utslepp. Om du ikkje kan tilknytast offentleg avløpsanlegg må du ha eit utsleppsløyve.

For Fitjar kommune er det landbruks- og miljøkontoret som handsamar søknad om utsleppsløyve. For Stord kommune er det RBO som handsamar slike sakar. Les meir om utsleppsløyve her.