Kvart år tilbyr me læreplassar i barne- og ungdomsarbeiderfaget og helsearbeiderfaget. Me er også lærebedrift for feiarfaget, IKT servicefaget, tømrarfaget og kontor- og administarsjonsfaget.

 

Lærefag i kommunen:

 

Barne- og ungdomsarbeidarfaget

Ein barne- og ungdomsarbeidar jobbar med å tilretteleggja og gjennomføra ulike pedagogiske tilbod for barn og ungdom. Målet er å styrkja barn og unge si sjølvkjensle og identitet.

Sentrale arbeidsområde

Barne- og ungdomsarbeidaren jobbar med grupper og enkeltpersonar med ulik bakgrunn og ulike føresetnader i livet. Planlegginga og gjennomføringa av aktivitetane skal gjerast med utgangspunkt i den enkelte sitt funksjonsnivå og livssituasjon og for å fremja fysiske og psykiske helse. Aktivitetane kan vera leik, drama, litteratur, song og musikk, forming, friluftsaktivitetar eller daglege gjeremål som matlaging og husarbeid.

Barne- og ungdomsarbeidaren jobbar i nært samarbeid med barn, ungdom, føresette og kollegaer.

Aktuelle arbeidsstader

Barne- og ungdomsarbeidaren jobbar på alle arenaer der barn og ungdom ferdast, som i barnehagar, barneparkar, skular, skulefritidsordningar, fritidsklubbar og andre førbyggjande tiltak og kommunale etatar.

Personlege eigenskapar

Som barne- og ungdomsarbeidar er du interessert i å jobba med barn og ungdom. Du må vera open og samarbeidsvillig, visa forståing og du må kunna kommunisera med menneske i ulike livssituasjonar og med ulik bakgrunn. Du må også kunna jobba sjølvstendig og vera ansvarsbevisst. Barne- og ungdomsarbeidaren må ha kunnskap om mennesket og om kva som påverkar mennesket si åtferd og livssituasjon.

Lærlingane innan barne- og ungdomsarbeidarfaget, har fyrste halvdelen av læretida i barnehage og neste halvdelen i skule.

Læreplan i barne- og ungdomsarbeidarfaget (opplæring i bedrift)

Opplæringsbok for barne- og ungdomsarbeidarfaget 

 

Feiarfaget

Stord kommune tek imot lærlingar i feiarfaget. Dette er eit særløp (3 år), og lærestad er brann- og feiarvesenet.

Hovudområde for faget

Førebyggjande brannvern

Hovudområdet dreier seg om brannførebyggjande tilsyn, fyringsteknikk, skorsteinsteknikk og skadebegrensning. Det handlar om å vurdera branntekniske løysingar og ulike brannsikringstiltak i bygningar. Rettleiing i montering og bruk av fyringsanlegg inngår. Bruk av og rettleiing om sløkkemidlar og sløkkemetodar er ein del av hovudområdet. Hovudområdet handlar om å laga og bruka eigna verktøy til feiing av skorsteinar og ildstader. Analyse og kontroll av fyringsanlegg, informasjon, rettleiing og rapportering inngår. Helse, miljø, tryggleik og kvalitetssikring står sentralt i hovudområdet.

Bransjelære

Hovudområdet dreier seg om dei branntekniske eigenskapane til bygningsmateriale og bygningskonstruksjonar. Hovudområdet omfattar gjeldande regelverk, etiske retningslinjer, kundehandsaming og tverrfagleg samarbeid. Det omhandlar faget sin historie og plass i samfunnet og forholdet mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. I hovudområdet inngår utslepp av forbrenningsgassar og varslings- og sprinkleranlegg.

Føremål

I Norden har feierfaget røter tilbake til 1600-talet, då den dansk-norske kongen Kristian IV henta faglærde feiarar frå Tyskland for å feia skorsteinane på slotta sine. Sida den gong har faget utvikla seg mykje og tilpassa seg tida sine krav. Brannførebyggjande tiltak, tilsyn og informasjon har i dag ei meir sentral rolle enn tidlegare, då feiing av skorsteinar var hovudarbeidsområde.

Dei samfunnsmessige konsekvensane av brann er alvorlege med omsyn til både personskadar og økonomisk tap. Gjennom informasjon om rett montering og bruk av fyringsanlegg og andre brannførebyggjande tiltak skal feiarfaget bidra til å førebyggja brann og annan skade. Feiarfaget kan på den måten medvirka til å sikra store samfunnsverdiar. Vidare skal faget bidra til å redusera utslepp fra fyringsanlegg, og dermed bekjempa luftforureining og hindra skadar på miljøet.

Opplæringa skal utvikla lærlingen sine evne til å meistra utfordrande arbeidsoppgåver knytt til brannførebyggjande tiltak som tekniske løysingar, rømningsvegar, varslings- og sløkkingsanlegg og lagring av brannfarlege produkt. Opplæringa skal leggja vekt på evna til å kommunisera med kundar og kollegaer og bidra til å fremja tverrfagleg samarbeid. Omsyn til helse, miljø og tryggleik skal spela ei sentral rolle i arbeidet med faget.

Vidare skal opplæringa stimulera til kreativitet, nyskaping og faglig oppdatering, både innan ny teknologi og produktutvikling. Opplæringa skal og utvikla lærlingen si evne til å arbeida nøyaktig og sjølvstendig etter teikningar. Det skal leggjast slik til rette at lærlingen vert dyktig i å følgja gjeldande regelverk og prosedyrar, og utviklar evna til å planleggja, vurdera og dokumentera eige arbeid.

Etter fullført og bestått opplæring får ein svennebrev. Yrkestittel er feiar.

Grunnleggjande dugleik

Grunnleggjande ferdigheiter er integrert i kompetansemåla der dei bidrar til utvikling av, og er ein del av fagkompetansen. I feiarfaget er grunnleggjande ferdigheter følgjande:

  • Å kunna uttrykkja seg munnleg og skriftleg i feierfaget inneber å kunna kommunisera med kundar og ulike samarbeidspartnarar, og å kunna diskutera og vurdera faglege løysingar og arbeidsprosessar. Det inneber å kunna rapportera og dokumentera eige arbeid.
  • Å kunna lesa i feierfaget inneber å kunna finna fram i relevant informasjon i faglitteratur og aktuelle lover og forskrifter. Det inneber å kunna forstå og bruka spesifikasjonar, teikningar, produktbeskrivelsar og arbeidsbeskrivelsar.
  • Å kunne rekna i feiarfaget inneber å kunna berekna volum, mengd, storleikar, kostnader og ressursbruk. Det inneber å kunna ta mål, bruka målestokk etter målsette teikningar og gjera berekningar knytt til fyringsteknikk og ulike branntekniske løysingar.
  • Å kunna nytta digitale verktøy i feiarfaget inneber å kunna bruka dei i samband med planlegging, produksjon, dokumentasjon, kvalitetssikring og kommunikasjon. Det inneber òg bruk av digitale reiskapar til måling, bekning og teikning.

Læreplan i feiarfaget (opplæring i bedrift)

Fagansvarlege

Jan Ove Anthun, tlf. 975 52 053, send e-post.  

Jan Tore Brückner, tlf. 975 52 057, send e-post 

Helsearbeidarfaget

Aktuelle arbeidsstader

Helsefagarbeidaren arbeider i spesialisthelsetenesta, i psykisk helsevern på alle nivå og i institusjonar og varierte omsorgs- og behandlingstilbod i kommunal og privat sektor.

Sentrale arbeidsoppgåver

Helsefagarbeidaren utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og sosialtenesta. Sentrale arbeidsområde er:

  • utøving av fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp med brukaren i sentrum
  • arbeid med helsefremjande, førebyggjande og rehabiliterande pleie- og omsorgstiltak
  • planlegging, utføring og deltaking i det totale behandlingsopplegget for pasienten/brukaren
  • arbeid i samsvar med gjeldande hygieniske, ernæringsmessige og ergonomiske prinsipp
  • handtering av medikament etter gjeldande lovverk
  • journalføring, dokumentasjon og rapportering

Personlege eigenskapar

Det er viktig med personleg kompetanse i forhold til yrkesutøvinga. Du må kunna bry deg om, visa omsorg og respekt for og ta omsyn til andre menneske. Du bør kunna arbeida både sjølvstendig og saman med andre.

Utdjuping av mål og opplegg

Helsefagarbeidaren utfører omsorg, grunnleggjande sjukepleie og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og sosialtenesta. Helsearbeidarfaget skal medverka til å dekkja trongen for kompetente helsefagarbeidarar som kan møta pasientar, brukarar og pårørande på ein profesjonell måte, og bidra til at samfunnets trong for helse- og omsorgstenester vert ivareteke både i helse- og sosialtenesta i kommunane og i spesialisthelsetenesta. Faget skal bidra til å utdanna personar som kan samarbeida med andre yrkesgrupper, fremja trivsel, fysisk og psykisk helse og bidra til brukarmedverking og til at pasientrettane vert respekterte og handheva.

Opplæringa i lærefaget skal utvikla evna til å møta menneske med ulik kulturell bakgrunn i ulike livssituasjonar og med ulik evne og høve til kommunikasjon. Vidare skal opplæringa bidra til å utvikla profesjonelle yrkesutøvarar som har evne til innleving og samspel med menneske med ulike hjelpebehov.

Helsefagarbeidaren skal gjennom opplæringa verta i stand til å observera og nytta kunnskap om ulike sjukdomar, skade og lidingar, og til å setja i verk førebyggjande eller behandlande tiltak innan eige ansvars- og kompetanseområde. Gjennom helsefremjande arbeid skal helsefagarbeidaren vera med på å førebyggja isolasjon og leggja til rette for et meir aktivt liv. Opplæringa skal utvikla fagarbeidarar som kan delta aktivt i helse-, miljø- og tryggleiksarbeid og bidra til et godt arbeidsmiljø.

Utdanninga utgjer ein heilskap. Det skal i læretida leggjast til rette for varierte arbeidsoppgåver på ulike tenesteområde som kan bidra til å fremja kreativitet og nettopp den heilskaplege kompetansen som kan nyttast både i helse- og sosialtenesta i kommunane og i spesialisthelsetenesta. Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev med tittelen helsefagarbeidar.

Helsearbeidarfaget består av tre hovudområde i kommunane. Desse områda utfyller kvarandre og skal også sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

  • Sosialinstitusjon (25% av læretida)
  • Helseinstitusjon (25% av læretida)
  • Open omsorg/ heimebaserte tenester (50% av læretida)

Læreplan i helsearbeidarfaget (opplæring i bedrift)

Opplæringsbok

Fagansvarleg

Trygve Dahl, tlf. 53 49 66 10, send e-post. 

IKT-servicefaget

Dagleg arbeid

IKT-servicefaget omfattar drift og brukarstøtte, opplæring og rådgjeving/rettleiing i samband med verksemda sine IKT-løysingarr og IKT-infrastruktur. Ein IKT-servicefaglært skal bidra til å vidareutvikla og effektivisera verksemnda ved hjelp av IKT.

Ein IKT-servicefaglært vil få utstrakt kontakt med andre menneske på alle nivå i og utanfor verksemda. For å løysa problem som brukarane har, vil det vera viktig med gode evne til å kommunisera, og kunna formidla verksemnda sitt behov til leverandør. Det vert difor lagt vekt på systematisk og nøyaktig arbeid, både sjølvstending og i samarbeid med andre.

Den IKT-servicefaglærte har kunnskapar og ferdigheiter innan følgjande område:

verksemda sin IKT-infrastruktur og IKT-prosessar
måling og dokumentasjon av tenestekvalitet
økonomisk vurdering av innkjøp, drift og vedlikehald av IKT-system
installasjon, drift og vedlikehald av nettverk
installasjon, bruk og vedlikehald av programvare
service og brukarstøtte
tilrettelegging av digitalt arbeidsmiljø
tiltretteleggja IKT til bruk i læring på arbeidsplassen/i verksemda
forskrifter, lover, standardar og avtalar
informasjonstryggleik
etikk og personvern
kommunikasjon direkte mellom menneske og ved bruk av teknologi
synleggjera foretningsmessige moglegheiter med bruk av IKT
rådgjeving, rettleiing og opplæring i bruk av IKT-system
evne til å tenkja nytt og vera kreativ
teknisk engelsk

Krav til kunnskap og dugleik

Samfunnet er i dag helt avhengig av informasjons- og kommunikasjonssystem. Dette set store krav til IKT-servicemedarbeideren. Ho/han vil vera sentral i opplæring, drift og vedlikehald av verksemda sine IKT-system. IKT-servicemedarbeideren vil gjennom arbeidet få tilgang til fortrulege opplysningar om verksemda og enkeltpersonar. Derfor er det viktig at ho/han kan handsama fortrulege opplysningar på ein etisk forsvarleg måte.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologien er i stadig utvikling. Omstilling og endring vil difor vera sentrale nøkkelomgrep i opplæringa og i den framtidige yrkesutøvinga. Når utviklinga går raskt vil tileigning av ny kunnskap i mindre grad skje på tradisjonell måte. Den må ofte skaffast på eiga hand gjennom ulike informasjonskanalar. Deltaking i kunnskapsnettverk blir difor viktig. IKT-servicemedarbeideren må difor kunna vera aktiv i forhold til å tileigna seg kunnskap og bruka kunnskapen i nye samenhengar.

Faget si utvikling og plass i samfunnet

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi får stadig meir å seia for privat og offentlig verksemd. Mange kritiske funksjonar i samfunnet er heilt avhengige av at informasjons- og kommunikasjonssystema fungerer som dei skal. I et aukande tal verksemder representerer systema sjølve livsnerva. Det vil difor, innafor alle typar verksemder, vera heilt avgjerande å ha kvalifisert personale for å ta seg av drift og vedlikehald.

Likskapar og ulikskapar med andre fag

IKT-servicefaget har felleselement med fleire fag. Innan sentrale arbeidsområde som kundehandsaming, service og økonomi er det likhetstrekk med dei fleste av faga innan utdanningsprogrammet for Service og samferdsel. Det som skiljer dette faget fra dei andre er dybde- og breiddekunnskap innan IKT-løysingar og IKT-infrastruktur.

Læreplan i IKT- servicefag (opplæring i bedrift)

Fagansvarleg

Gisle Østrem, tlf. 53 49 67 93 eller 975 52 005, send e-post.

Kontor- og administrasjonsfaget

Tittel

Kontor- og administrasjonsmedarbeidar (fagbrev).

Aktuelle arbeidsstader

Kontor- og administrasjonsmedarbeidarar jobbar i offentlege verksemder, i bibliotek og informasjonssenter og i private bedrifter.

Sentrale arbeidsområde er:

  • service, kundehandsaming og rettleiing
  • skriftleg og munnleg informasjonsformidling
  • kunnskapsorganisering og- flyt i dokument- og informasjonshandsaming
  • innkjøp, budsjett-, reknskaps- og lønsarbeid
  • kontorstøtte-, administrasjons- og sakshandsamingssystem
  • bruk og vedlikehald av kontorteknologiske hjelpemiddel

Personlege eigenskapar

Ein kontor- og administrasjonsmedarbeidar må kunne arbeide planmessig, systematisk, rasjonelt og effektivt. Det er viktig med god skriftleg og munnleg framstilling både i norsk og framandspråk, og du må kunne yte god service overfor kundane.

Læreplan i kontor- og administrasjonsfaget (opplæring i bedrift)

Opplæringsbok 

Fagansvarleg

Haldis Lauksund, tlf. 53 49 66 90, send e-post

Tømrarfaget

Dagleg arbeid

Sentrale arbeidsoppgåver i tømrarfaget er bygging og montering av ulike typar trekonstruksjonar. Faget omfattar konstruksjons- og innreiingsarbeid, rehabilitering og lafting, samt produksjon og montering av elementer og moduler. Utøvinga av tømrarfaget er basert på krav i lover, forskrifter og standarder på det tekniske, sikkerheitsmessige og miljømessige området.

Arbeidsområder er:

  • konstruksjons- og innreiingsarbeid i bygningar i tre
  • konstruksjons- og innreiingsarbeid i bygningar i mur, stål eller betong
  • produksjon av elementer og moduler
  • montering av elementer, moduler og innreiingar
  • lafting
  • rehabilitering og vedlikehald av bygningar
  • teiknings- og konstruksjonsforståing
  • utmåling av retningar, vinklar, høgder og lengder
  • arbeidsplanlegging og drift av byggjeplassar
  • helse, miljø og tryggleik

Faget har stor breidd og allsidighet. Dette gjer det vanskeleg å ha god kunnskap på alle arbeidsområda. Tømrarfaget har likevel god innbyrdes samanheng i krava om grunnleggjande kunnskap om konstruksjon og bygningsfysikk.

Krav til kunnskap og dugleik

Tømraren arbeider ut frå teikningar og arbeidsbeskrivelsar og skal utføra arbeid i henhold til gjeldande lover, forskrifter og standarder. Tømraren skal ha grunnleggjande ferdigheiter og kunnskap om bygningsfysikk og ulike typar trekonstruksjonar, og kunne planleggje, gjennomføra og vurdera eige arbeid.

Tømraren skal utføra arbeidet på en sikker og rasjonell måte, som tilfredsstiller krav til helse, miljø og tryggleik. Tømraren arbeider sjølvstendig og i arbeidslag under verksemda si leiing, og har ansvar for at arbeidet vert utført i samsvar med dei krav til kvalitet og trykkleik som er fastsett. Tømraren skal ha kunnskap om organisering av eiga verksemd og om partenes rolle i arbeidslivet generelt, og innan byggjenæringa spesielt. Tømraren skal og kjenna til offentlege myndigheiter si rolle og oppgåver innan næringa.

Tømrerfaget krev sjølvstendige utøvera som er nøyaktige, kreative, nytenkende og miljøbevisste.

Faget si utvikling og plass i samfunnet

Tømrarfaget er eit tradisjonsrikt fag i kontinuerlig utvikling. Nye byggjemetodar gjev tømrarfaget utfordringar i form av nye materialar og nye produksjons- og arbeidsmetodar. Faget med alle disipliner utøves i store og små verksemder over heile landet. Fagutførelsen kan variera frå enkelt manuelt arbeid til bruk av avansert verkty og utstyr. Faget utgjer ein svært viktig ressurs for samfunnet. Gjennom utbygging og utvikling av bygningsmassen i samfunnet, skaper faget store verdiar.

Likskapar og ulikskapar med andre fag

Tømrarfaget har lange tradisjoner som allsidig handverk. Tømraren arbeider tett saman med andre bygningsarbeidarar som murarar, blikkslagarar, betongfagarbeidarar, malarar, elektrikarar og røyrleggjarar.

Tømraren vert knytt til byggfaga gjennom byggjeplassen og byggjeprosessen, der tømraren ofta er ein sentral utøvar. Tømrarfaget har såleis likheit med dei andre bygg- og anleggsfaga ut frå ein grunnleggjande felles forståing av konstruksjonar. Fagutøving i tømrarfaget krev difor tett samarbeid med andre faggrupper i byggjeprosessen.

Læreplan i tømrarfaget (opplæring i bedrift)

Fagansvarleg

Ole Tufteland, tlf. 53 49 67 62 eller 975 52 030, send e-post

 

Slik søkjer du:

For elevar i vidaregåande skule:

Dersom du er elev i vidaregåande skule er søknadsfristen  1. mars. Bruk elektronisk søknadsskjema på www.vigo.no.

I tillegg til å søkja gjennom vigo.no, må du senda elektronisk søknad til Stord kommune.
Her finn du elektronisk søknadsskjema.

Frist for å levera elektronisk søknad er 1. mars.

For andre:

Dersom du ikkje er elev i vidaregåande skule er søknadsfristen til første inntaksrunde 1. mars. Her finn du elektronisk søknadsskjema.

OBS! I tillegg til elektronisk søknad til Stord kommune, må du senda inn kompetansebevis og relevante attestar innan 1. mars. Dette skal sendast til

Stord kommune v/Siv Nesse
Postboks 304
5402 Stord