Administrasjonsmålet i Stord kommune er nynorsk.

Løns- og arbeidsvilkår

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. For undervisingsstillingar vert løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande hovudtariffavtale, lokale avtaler, lover og forskrifter for grunnskulen.

Kommunen tilbyr svært gode pensjons- og forsikringsordningar. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot frå løna.

Prosedyre ved handsaming av jobbsøknader

Etter at søknadsfristen er ute for ei bestemt stilling, skjer følgjande:

  1. Det vert sendt ut ei førebels melding, inkludert forenkla søkjarliste, til søkjarane.
  2. Søknadane vert handsama ved at kompetanse vert registrert på data.
  3. Utvida søkjarliste vert sendt til eininga som eig den utlyste stillinga og til tillitsvalde, for innstilling.
  4. Søkjarar vert evt. kalla inn til intervju.
  5. Faste stillingar vert tilsett i Tilsetjingsråd, med unntak av sentral leiing. Når det gjeld vikariat og engasjement som ikkje skal vara ut over 12 månader, har einingsleiar fullmakt etter fråsegn og/eller drøfting med tillitsvalde.
  6. Sakshandsamar skriv vedtak, og sender brev og arbeidsavtale til den som vert tilsett.
  7. Etter at stillinga er teken imot, vert melding sendt til søkjarar som ikkje fekk stillinga.

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema skal fyllast ut med oversikt over utdanning og praksis (CV). Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar tek du med til evt. intervju eller  leverast på oppfordring.

NB! Veljer du ny brukar før utfylling av elektronisk søknadsskjema vert opplysingane dine lagra til neste gong du søkjer.  Seinare kan opplysingane redigerast.

Hugs stillings-ID

Hugs å velja rett stillings-ID i søknadsskjema. Skjemaet skal fyllast ut med all relevant utdanning og praksis.

 

Gå til søknadsskjema

 

Kontakt oss

Personal- og organisasjonssjef

Siren Eldøy Hinderaker 

Tlf: 53 49 66 34

Send e-post til Hinderaker