Eininga sitt ansvar er driftsoppgåver knytt til rekneskap finansforvaltning, likviditetsstyring, budsjettoppfølging og økonomirapportering. 

Eininga er eit sentralt kompetansemiljø innan økonomiområdet, og har ansvar for å drifta og utvikla kommunen sine økonomisystem i tillegg til å støtta økonomiarbeidet i verksemdene. Eininga bistår strategisk leiing i utarbeidinga av årsbudsjettet og har ansvar for rekneskapsavslutning.

Oppgåver

  • økonomisk planlegging og styring
  • budsjettering
  • bokføring
  • fakturering
  • skanning leverandørfaktura
  • mottak av elektroniske faktura
  • innfordring kommunale krav
  • remittering
  • rapportering
  • kontoavstemmingar 
  • innkjøp

Faktura

Månadleg faktura

Du kan få faktura på eigedomsavgifter månadleg. Dette fordrar at du opprettar Avtalegiro med e-faktura.

Ved å betale med AvtaleGiro med e-faktura vil banken sørgje for at fakturaen blir betalt på forfall, og du vil få tilsendt eit varsel med fakturadetaljer i nettbanken. Dette gjer det enkelt å følgje med på kva du skal betale, og når det vil bli belasta kontoen din.

Kva gjer eg?

1.  Opprett avtale med banken din. Her er tre ulike måtar å gjere det på:

  • Opprett avtale - Logg deg inn i nettbanken din og finn oss som tilbydar av eFaktura og AvtaleGiro.

    Dette gjeld òg dei som har hatt AvtaleGiro på tidligare betalingar til Stord kommune. Om du allereie har e-faktura på betalingane dine til Stord kommune treng du ikkje å endra den avtalen, men du må opprette AvtaleGiro i tillegg.  
     
  • Tilbod i nettbanken - Når du betalar neste rekning frå oss vil du i dei fleste nettbankar bli spurt om du ønskjer å oppretta eFaktura- eller AvtaleGiro-avtale. Ved å akseptera tilbodet vert avtalen oppretta. Du får beskjed når avtalen trer i kraft. Husk at du må betala rekningar tilsendt i posten som normalt inntil avtalen er aktivisert.
     
  •  Kontakt banken -  Kontakt banken din for å opprette eFaktura og AvtaleGiro.

2.  Send e-post til rekneskap@stord.kommune.no  Meldinga må innehalde namn, adresse og kundenummer/evt. gards- og bruksnummer.

Oppstartsdatoar for månadleg faktura er: 1. januar, 1. april, 1. juli og 1. oktober. 

Innfordring

Ved manglande betaling vil det bli purra og det vert rekna gebyr og renter. Manglande betaling av eit krav vil føra til oppseiing av leiger og tenester. For å unngå oppseiing kan ein inngå ein nedbetalingsavtale.

Ved for sein betaling av parkeringsgebyr kjem det eit tillegg på 50% av opphavleg gebyr. For ubetalte eigedomsavgifter, festeavgifter og parkeringsbøter har kommunen legalpant i eigedomen eller bilen. Det vil seia at kommunen kan krevja trekk i løn eller trygd for desse krava. Krava kan også krevjast gjennom tvangssal av eigedom eller bil.

Målgruppe/brukarar

Alle tenesteeiningar i Stord kommune, inkl. alle lønsmottakarar
Bømlo kommune

  • Fitjar kommune
  • Stord Kyrkjelege Fellesråd
  • Stord Hamnestell
  • Sokneråda i Stord
  • Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS

Samarbeidspartar er m.a.

  • Kommunal Landspensjonskasse
  • Statens Pensjonskasse
  • Evry
  • Agresso
  • NAV
  • Fylkeskommunen
  • Andre kommunar
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Private barnehagar