Utekontakten er ei oppsøkande og tilgjengeleg teneste for ungdom og unge vaksne i alderen 13 til 23 år. Tenesta er for alle ungdomar i Stord kommune og nettverket deira. Me har eit førebyggjande fokus, og jobbar opp mot rus, kriminialitet og psykososiale utfordringar. Utekontakten skal ha oversikt over ungdomsmiljøet i kommunen, og skal bidra til at ungdomen si stemme blir høyrt.

Me bidreg med råd og rettleiing til foreldre/pårørande og samarbeidspartnarar som tek kontakt med oss og samarbeider med andre som har kontakt med og arbeidar for ungdom på Stord. 

Utekontakten er ei lågterskelteneste. Du kan ta kontakt med oss når du ynskjer nokon å prate med, eller om du skulle trenge rettleiing, råd og hjelp til deg sjølv og andre. Me har teieplikt. Har du eit problem me synest er veldig alvorleg vil me diskutera dette med deg, for å sjå om ikkje andre kan hjelpe deg betre enn oss. Me kan hjelpe deg å kome i kontakt med desse.

Dersom du vil ha råd og tips, kanskje du er bekymra for en venn og lurer på kva du skal gjera? Ring, send en e-post eller stikk innom.

Her kan du vera deg sjølv! 

Ung på Stord - førebyggjande tiltak på skulane

Stord kommune har valt å satsa på programmet "Ung på Stord" som førebyggjande tiltak i grunnskulen.

"Ung på Stord" er eit samarbeid mellom skulane, folkhelsearbeidaren, SLT-koordinatoren og Utekontakten. Programmet har fokus på born og unge sine haldningar og normer i høve til rus, helse og nettvett. Tiltaka vert gjennomført på sjuandetrinnet på samtlege skular. Både lærarar, elevar og foreldre er involverte.

Overordna målsetjing for "Ung på Stord":

  •  Ungdom gjer gode val for seg sjølv i høve
    – Rusmiddel
    – Helse
    – Nettvett
  • Føresette har låg terskel for å snakke saman
  • Spreie kunnskap om ungdomssituasjonen på Stord, og drøfte aktuelle problemstillingar
  • Styrka beskyttande faktorar

Målsetjing for elevane si deltaking:

  • Styrka elevane si evne til refleksjon om haldningar til rus, helse og nettvett 
  • Styrka fellesskapet av jamaldringar sine haldningar til rus, helse og nettvertt
  • Gjera det lettare for elevane til å setje grense for seg sjølve

Målsetjing for lærarane si deltaking:

  • Styrka lærarane sin faktiske og opplevde kompetanse som verdiformidlarar
  • Styrka kontakten mellom heim og skule

Målsetjing for foreldra si deltaking:

  • Styrka fellesskapet mellom foreldra
  • Styrka foreldra sin autoritet til å setja grenser når det gjeld born si utprøving av rusmidlar
  • Styrke foreldra sin kompetanse til å snakka med borna om rus, helse og nettvett

Her er lenke til Helsedirektoratet si side om førebyggjande arbeid i skulen; skole.førebygging.no

Ungdomsteam

Ungdomskontakt Bente Tholvsen, Utekontakt John Henrik Staveland-Sæter, SLT koordinator Bjarte Epland og Utekontakt Bodil Nesbø utgjer Ungdomsteamet i Stord kommune

Ungdomskontakt Bente Tholvsen, Utekontakt John Henrik Staveland-Sæter, SLT koordinator Bjarte Epland og Utekontakt Bodil Nesbø utgjer Ungdomsteamet i Stord kommune.

Les meir om ungdomskontakt og SLT koordinator