Bente TholvsenFokuset skal vera på ungdommar som treng ei ekstra støtte i kvardagen og som har samansette utfordringar. Målet er at ein skal kunne møte den enkelte ungdom på deira behov og hjelpe dei til å ta gode val for seg sjølv.

Ungdomskontakta skal ha eit tett samarbeid med tenestene rundt ungdomen og kan vere eit bindeledd i oppfølgingsarbeid som krev ekstra innsats. Ungdomskontakten skal vere fleksibel i møte med ungdomen. Ho tek gjerne turen ut av kontoret og heim til deg, eller om det er ein annan plass du ynskjer å møte ho.

Ungdomskontakten har teieplikt. Det vil sei at det du fortel til ho, fortel  ikkje ho vidare. Har du eit problem ein tenkjer er veldig alvorleg, vil ein drøfte det med deg og kanskje ein treng å få hjelp av andre.

Du kan ta kontakt med Ungdomskontakten dersom:

  • Du ynskjer nokon å prate med.
  • Du har spørsmål du lurar på i høve rus.
  • Du har psykiske utfordringar.
  • Du synest det er vanskeleg å gå på skulen, og vert ofte heime (skulevegring).
  • Du er pårørande og bekymra.
  • Du er bekymra for ein ven.
  • Du arbeider i systemet og veit om ein ungdom som kan trenge ei ekstra støtte.

Les meir om tiltak frå ungdomsteamet/ ungdomskontakten her

Ungdomskontakten har kontorfelleskap og samarbeid med utekontakten. Dei har same adresse.

 

Kontaktinformasjon

Ungdomskontakt Bente Grindevik Tholvsen

Tlf  99 01 90 23

Send epost til Tholvsen

Besøksadresse:

Hamnegata 22, 5411 Stord

Postadresse:

Postboks 304, 5402 Stord