Korleis er eit rehabiliteringsopphald i dagrehabilitering?

Målgruppa til dagrehabilitering I Stord kommune er personar som har hatt eit brått  eller gradvis funksjonsfall. Søkjar må ha behov for intensiv rehabilitering i tilrettelagte trenings- og terapilokale, og ha behov behov for bistand frå fleire faggrupper for å nå måla sine.

Rehabiliteringsopphaldet tek utgangspunkt i «Kva er viktig for deg?» Me jobbar saman med deg mot eit avklart mål som til dømes kan vere:

Betre balanse – fallførebygging - betre gangfunksjon – vedlikehalde eller auke funksjon i alderdommen - gjenvinne funksjon etter sjukdom og skade - fokus på ernæring – gjenvinne tryggleik - gjenopprette sosialt nettverk - meistre kvardagen - språktrening- betre stemmestyrke

Søknaden vert tverrfagleg vurdert. Om ein oppfyller kriterier for opphald vil ein får eit tilbod, enten som individuell oppfølging eller i gruppe. 

Individuell oppfølging: Opphaldet er frå kl. 09:00 - 14:15 mandag, onsdag og fredag i fire veker. Trening vert tilpassa individuelt for deg som har fått eit brått funksjonsfall/sjukdom eller som treng individuell bistand i ein periode med trening. Du får tverrfagleg oppfølging av fysio- og/eller ergoterapeut, helsefagarbeidar eller anna helsepersonell. Samarbeid med logoped vert oppretta ved ved behov, men krev henvending frå din fastlege i forkant av opphald. 

Gruppetrening: Opphaldet er frå kl. 09:00 - 14:15 tysdag og torsdag i seks veker. Eit tilbod til deg som kan trene i gruppe med fysioterapeut. Aktuelt for deg som treng å trene styrke og balanse for å vere trygg og sjølvstendig i kvardagen.

For at du skal ha nytte av dagrehabilitering er motivasjon for trening viktig.

Du vil måtte samarbeide og delta aktivt i treninga for å nå dine mål. 

Praktiske opplysningar du treng å vita før eit opphald

Du må kunne forflytte deg mellom heimen din og Stord Kommunale Rehabiliteringssenter anten for eiga hand, eller ved å nytte eige transportmiddel. Du kan bli vurdert til å få taxi via Pasientreiser, noko som medfører eigenandel inntil frikort.

Eigenbetaling for dagrehabilitering dekkjer måltida og vert fakturert etter gjeldande sats i Kommunale avgifter og gebyr. 

Du møter i klede og sko som passar til trening. Evt badetøy og hygieneartiklar til dusj tek du med om du skal nytte bassenget. Ved vasslatingsplager må ein ha spesialtilpassa badetøy.

Ta ikkje med eigedelar av stor verdi. NB! Private eigedelar vert ikkje forsikra av kommunen.

Ta med deg dei hjelpemidla du har som du nyttar i kvardagen. Dette kan vere rullator, rullestol, hørselshjelpemidlar osv.

Dagsrytme

09:00-09:20 Frukost

09:30-11:30 Trening med fysioterapeut, aktivitet/eigentrening

11:30-12:00 Lett lunsj og pause

12:00- 13:30 Fellestrening, eigentrening

13:30 Middag

14:15 Avsluttar dagen 

Korleis søkje plass

 

Kontakt oss

Telefonnummer direkte til avdelinga: 90 27 33 65 

Konstituert avdelingsleiar Karianne Slettvåg: 
53 49 67 22/90 27 33 65

Einingsleiar: Kristin Steinsland