Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Heimerehabilitering

Generelt

Heimerehabilitering er trening i heimen og nærmiljøet. Det er eit tidsavgrensa gratis tilbod, med mål og tiltak som blir planlagd saman med deg. Eigeninnsats og motivasjon til trening er avgjerande, og aktivitetstrening og hjelp til sjølvhjelp står sentralt.

Heimerehabiliteringsteamet består av fysioterapeut, sjukepleiar og ergoterapeut. Teamet ynskjer å bidra til at du kan vere lengst mogleg aktiv i eige liv.

Målgruppe

Samarbeid for pasienten

Målgruppa for heimerehabilitering er innbyggjarar i Stord kommune som er heime eller skal skrivast ut til heimen, og som blir vurdert til å ha behov for trening i heimen. Teamet kan samarbeide med heimebaserte tenester om opptreninga di ved behov.

Heimerehabilitering tar utgangspunkt i korleis du kan mestre kvardagen i eigen heim. Kva aktivitetar er viktig i livet ditt no? Kva gjeremål og aktivitetar klarte du før, som du treng å trene på for å klare deg sjølv no?

Heimerehabiliteringsteamet kan hjelpe deg med:

- Tverrfagleg kartlegging med utgangspunkt i kva som er viktig for deg no?

  • Individuell rehabiliteringsplan
  • Tiltak med utgangspunkt i dine behov
  • Eigentreningsprogram

- Koordinering av tenestene rundt deg

- Kompetanseoverføring og undervisning

- Informasjon og vegleiing til deg, pårørande og andre samarbeidspartar

Alle aktivitetar har mål om meir sjølvstende i kvardagen.

Kontakt

Teamet består av:

  • Tildelingskontoret, tlf: 53 49 66 00
  • Sarah Brosvik, ergoterapeut, tlf: 53 49 67 83 / 950 58 925 (måndag og onsdag) Send e-post
  • Trine Corneliussen, fysioterapeut, tlf: 975 52 040 (måndag, onsdag og fredag) send e-post
  • Solbjørg B. Olsen, sjukepleiar, tlf: 980 31 730 (måndag og onsdag) send epost

Tjenesten oppdatert: 26.01.2018 12:13