Avdeling Husahaugen gjev tenester på to ulike område:

- Husahaugen
- Miljøgruppa

Avdeling Husahaugen er eit heilt nytt bufellesskap for personar med utviklingshemming. Hos oss har me 9 bustader. Kvar bustad inneheld 1 soverom i tillegg til stove/kjøkken. Det er tilknytt eigen personalbase til bustadane og det vert gitt heildøgns omsorg til dei bebuarane som har behov for det. Bustadane er kommunalt eigd, og bebuarane leiger hos Stord kommune.

I tillegg er ei miljøgruppe knytt til basen i Husahaugen. Miljøgruppa gjev tenester til vaksne personar med utviklingshemming som bur i husvære som ikkje er knytt til eksisterande bufellesskap.

Alle brukarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova. Tenestene vert gitt utifrå den einskilde brukar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde brukar, pårørande og verje.

Alle bustadane samarbeider med arbeids- og aktivitetstilbod, pårørande, fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, habiliteringstenesta m.fl.

Visjon:

Gode relasjonar skapar trivsel og meistring

Mål:

Overordna mål er å:
- skapa ein trygg og omsorgsfull heim
- gje god dagleg omsorg og sosial støtte
- leggje til rette miljøet for eigenmeistring
- bidra til eit godt samarbeid med pårørande

 

Kontakt oss

Vakttelefon 1: 909 49 691

Vakttelefon 2: 909 45 729

Avdelingsleiar:
Caroline Groa Tisell

Telefon:  53 40 33 53               

Send e-post til Tisell