Avd. Studalen er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Her finn ein 9 bustader, kvar bustad inneheld 1 soverom i tillegg til stove/kjøkken. Det vert gitt heildøgns omsorg til dei bebuarane som har behov for det.  

Avd. Studalen, i lag med avd. Kjøtteinsvegen, utgjer Tunet burettlag, og høyrer til VESTBO, Vestlandske Boligbyggelag. Bebuarane eig, eller leiger bustadane.

Visjon

Gode relasjonar skapar trivsel og meistring

Mål

Skapa ein trygg og omsorgsfull heim i eit miljø som stimulerer til utvikling

Informasjon

Bebuarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova. Tenestene vert gitt utifrå den einskilde bebuar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde bebuar, pårørande og verje.

Alle bustadane samarbeider med arbeids- og aktivitetstilbod, pårørande, fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, habiliteringstenesta m.fl.

Kontakt oss

Telefon:  902 48 450
                901 56 824

Avdelingsleiar:
Ragnhild Dale

Send e-post til Dale