Ved for vinteren?

Vil du kjøpe ved frå Sæbø gard? Vi sel ved i 40-literssekkar.

  • Blandingsved (gran/furu): 55 kr/sekk
  • Lauvved: 65 kr/sekk

Transport til døra di: 250 kroner. Du kan eventuelt hente veden sjølv etter avtale.
Ring oss, eller send gjerne ein e-post, sjå informasjon til høgre. Sender du e-post, oppgje namn, adresse (inkludert postnummer og poststad), telefonnummer, type ved og kor mange sekkar. Me leverer fortløpande, og prøver å få effektuert bestillingane i løpet av ei veke eller to.

Målsetjinga for Sæbø gard

Det skal leggjast vinn på trivsel, meistring, sosial trening og sjølvstendiggjering gjennom det daglege arbeidet på garden. Arbeidstakarane skal få høve til å dyktiggjera og utvikla seg.
Sæbø gard skal vera ein ressurs også for nærmiljøet. Garden ligg i eit fantastisk naturområde, som andre kan nyta godt av.

Kven kan søke om dagtilbod ved Sæbø gard?

Søkjarar må vera ferdige med vidaregåande skule. Søknad skal sendast til Tildelingskontoret.

Dei viktigaste oppgåvene våre:

  • vedproduksjon
  • blomeproduksjon
  • gardsdrift (stell og vedlikehald av gardstunet, beiteområdet og gjerda)
  • dyrestell. Me har for tida sauer og ender.

Følg Sæbø gard på facebook