Avdelingane i Sæbøhaugen er bufellesskap for personar med utviklingshemming. Her finn ein totalt 14 bustader. Kvar bustad inneheld 1 soverom i tillegg til stove/kjøkken. Det er tilnytt eigen personalbase til bustadane og det vert gitt heildøgns omsorg til dei bebuarane som har behov for det. 

Sæbøhaugen A og B er organisert som eit burettslag og ligg innunder STOBO, Stord Boligbyggelag AL. Bebuarane eig, eller leiger bustadane.

Sæbøhaugen C er kommunalt eigd og bebuarane leiger bustadane.

Visjon

Gode relasjonar skapar trivsel og meistring

Mål

Skapa ein trygg og omsorgsfull heim i eit miljø som stimulerer til utvikling

Informasjon

Bebuarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova. Tenestene vert gitt utifrå den einskilde bebuar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde bebuar, pårørande og verje.

Alle bustadane samarbeider med dag- og aktivitetstilbod, pårørande, fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, vaksenopplæringa, habiliteringstenesta m.fl.

Kontakt oss

Avdelingsleiar Sæbøhaugen:

Tonje Halstensen Brørvik
Send e-post til Brørvik

Vakttelefon Sæbøhaugen A og C:
975 52 167 / 900 82 791

Sæbøhaugen B: 
Kontor: 53 40 97 02
Vakttelefon: 900 82 012