Kommunestyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemmar og minimum ein av desse må vera medlem av kommunestyret. Leiar i utvalet kan ikkje vera medlem av same parti eller tilhøyre same gruppe som ordførar. Medlemmane og varamedlemmane kan ikkje vere representerte i andre politiske utval.

Utvalet er heimla i kommunelova kapittel 23 og forskrift om kontrollutvalg og revisjon kapittel 1 

Kontrollutvalet har normalt 5 ordinære møter i året. Møta er opne for publikum og sakspapir/protokoll for kontrollutvalet finn du til høgre, eller lenger ned på sida om du er på mobil. Møteplan for kontrollutvalet finn du her.

Kontrollutvalet har følgjande faste medlemer

• Fredrik Litleskare, leiar (H) (tlf. 982 63 467)
• Stian Djuvsland, nestleiar (FrP)
• Rigmor Svanberg (FrP)
• Astrid-Cecilie F. Aleksandersen (Ap)
• Tore Jubskås (Sp)

Varamedlemmer i rekkefølgje:

• For Litleskare: Sigmund M. Hope, Torill Mosheim og Reidunn Aasheim.
• For Djuvsland / Svanberg: Lars Stuve, Peggy Husevik Bærøy, Kristine Solheim, Torbjørn Marthinsen og Kristian Magnussen.
• For Aleksandersen / Jubskås: Amram Hadida, Odd Naustdal og Hege Myklebust.

E-post til kontrollutvalet kan sendast til leiar, Fredrik Litleskare: fredrik.litleskare@stord.kommune.no med kopi til Hogne Haktorson, sekretariat for Stord kontrollutval: hogne.haktorson@vlfk.no

Oppgåver

Kontrollutvalet skal føra tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne. Hovudføremålet til kontrollutvalet er å medverka til at det er ålmenn tillit til at kommunen sine oppgåver vert løyste på best mogleg måte og i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og politiske vedtak. Vidare skal kontrollutvalet sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.

Til hjelp i dette arbeidet får kontrollutvalet utført rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon av verksemda i kommunen og av verksemda i selskap kommunen har eigarinteresser i, eigarskapskontroll av selskap kommunen har eigarinteresser i og andre kontrolloppgåver ved bestillingar til den valde revisor.

Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet, kan ikkje leggast til kommuneadministrasjonen, eller til revisjonen.

Det er laga eige reglement for kontrollutvalet i Stord kommune som du finn her.

Den valde revisor

Stord kommune har inngått avtale med Deloitte om kjøp av revisjonstenester. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, eigarskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontrolloppgåver i regi av kontrollutvalet.

Sekretariat for kontrollutvalet

Stord kommune kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet hjå Sekretariat for kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune. 

Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møter. Døme; føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Sekretariatet pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg.