Bustadsosialt team
Arbeidstidene til dette teamet er måndag til fredag frå 08.00-15.30.
Målgruppe: Vanskelegstilte på bustadmarknaden, med særleg vekt på personar med rusmiddelvanskar og dobbeltdiagnosar (rus og psykiske helsevanskar).
Metode og struktur: Busosialt team skal jobbe etter Housing first metoden. Eit av dei overordna målet i metoden er å støtte betringsprosessar hjå brukaren, dette vert og kalla recovery.
Me skal respektera brukarane i møte med dei «der dei er», vera fleksible og tilgjengelege og bruka tid på relasjonsbygging. Teamet skal vera ein støttespelar i endringsarbeidet til den enkelte.
Primærkontakt skal ha ansvar for kva som er viktig i høve den einskilde brukar og sjå til at Busosialt team følg dette opp.
Busosialt team skal driva lågterskel busosialt arbeid i Stord kommune. Teamet skal gje brukaren ei heilskapleg teneste i høve den enkelte sitt behov.
Me skal hjelpe brukarane til å få trygge og verdige butilhøve, der meistring og myndiggjering for brukarane er sentrale verdiforankringar. Busosialt team si rolle er å motivere gjennom praktisk bistand og opplæring slik at brukarane klarar å ta ansvar for eige liv.
Tenesta kan blant anna innehalde; Hjelp til å søkje bustad, hjelp til å behalde bustad, vekentlege tilsyn i bustad, økonomisk rettleiing, hjelp til å søkje behandling, hjelp til å kontakte fastlege og NAV mm.
Busosialt team har følgjande sentrale tema;
-
Valfriheit i teneste og bustad
-
Respekt, varme og medkjensle hjå medarbeidarar
-
Seperasjon mellom bustad og tenester (dvs at brukar ikkje mister teamet, sjølv om vedkommande vert kasta ut av bustaden).
-
Skadereduksjon i fokus (vekentlege tilsyn av teamet)
Teamet har tett samarbeid med andre instansar; fastlege, DPS, spesialisthelsetenesta, NAV mm. Er med i ansvarsmøter.
Innsøkjingsrutinar; skjer i samarbeid med busosialt team og NAV-Stord kommune.
Lovverk: pasientrettigheitslova §2-1a, 2.legg, og helse og omsorgstenestelova §3-2, 6b.
Ambulant team 1
Dette teamet tilbyr personretta tenester som blant anna legemiddelhandtering, stell, støttesamtalar, praktisk bistand med opplæring, miljøarbeid. Tilsette i ambulant team 1 jobbar i turnus dag og kveld. Dei som jobbar i miljøet har lang erfaring og kompetanse til å takle ulike utfordringar/uforutsette hendingar som skjer i løpet av ei vakt.
Dette teamet går todelt turnus frå måndag til fredag:
Dagvakt tilgjengeleg i tidsrommet 07.00-15.00
Kveldsvakt tilgjengeleg i tidsrommet 15.00-22.00
Ambulant team har fokus på å bidra til auka meistring i eige liv ved å tilby:
-
Støttesamtalar og rettleiing
-
Koordinering og utarbeiding av individuell plan
-
Har fokus på å gi brukar «verktøy» slik at dei kan meistre livet
-
Bustad, arbeid og sysselsetting
-
Fysisk aktivitet
-
Tilsette i ambulant team 1 har god fagkunnskap og legemiddel knytt til psykiatri/rus/ og somatisk helse.
-
Dei tilsette har god fagkompetanse i psykisk helse og rus
-
Ambulant team 1 sørgjer for utlevering/tillaging av medisinar
-
Koordineringstiltak/samarbeid med andre instansar som helsesjukepleiar, fastlege, DPS, Valen sjukehus, OT/PPT, NAV, fritidsaktivitetar og ansvarsgrupper.
Lovgrunnlaget for tenesta er Pasient og brukerrettighetsloven, i tillegg til Helse og omsorgstenesteloven.
Alle personretta tenester frå kommunen er gratis, men praktisk bistand må ein betala for. Alle som søkjer om tenester frå kommunen må kontakt kundetorget/tingarkontoret.
Ambulant team 2
Ambulant team 2:
Dette teamet består av psykisk helsearbeidarar som kan tilby støtte til personar som har psykiske helsevanskar og/eller er i ei livskrise og som treng oppfølging i kvardagen.
Dette teamet har arbeidstid frå måndag til fredag, mellom kl 08.00-15.30.
Ambulant team har fokus på å bidra til auka meistring i eige liv ved å tilby:
-
Støttesamtalar og rettleiing
-
Koordinering og utarbeiding av individuell plan
-
Har fokus på å gi brukar «verktøy» slik at dei kan meistre livet
-
Bustad, arbeid og sysselsetting
-
Gruppeterapi/fysisk aktivitet
-
Tilbyr KID-kurs (Kurs i depresjonsmeistring)
-
Fokus på fysisk aktivitet, har turgruppe saman med frisklivsentralen.
-
Tilsette i ambulant team har god fagkunnskap og legemiddel knytt til psykiatri/rus/ og somatisk helse.
-
Dei tilsette har god fagkompetanse i psykisk helse og rus
-
Koordineringstiltak/samarbeid med andre instansar som helsesjukepleiar, fastlege, DPS, Valen sjukehus, OT/PPT, NAV, fritidsaktivitetar og ansvarsgrupper.
Lovgrunnlaget for tenesta er Pasient og brukarrettighetsloven, i tillegg til Helse og omsorgstenesteloven.
Alle personretta tenester frå kommunen er gratis, men praktisk bistand må ein betala for. Alle som søkjer om tenester frå kommunen må kontakta Tingarkontoret.