For informasjon om pensjon kan du logga deg på 

  • Kommunenes landspensjonkasse (KLP): www.klp.no -> Dei som er medlemmer i KLP skal søkja direkte inne på sida til KLP. Dette gjeld uførepensjon, AFP og alderspensjon.
  • Statens pensjonskasse (SPK): www.spk.no -> Dei som er medlemmer i SPK tek kontakt med Randi Sveinsgjerd for å søkje AFP og alderspensjon. Dersom du skal søkje uførepensjon, må ein søkje på SPK si side.

Alle tilsette vert trekte 2 % pensjonsinnskot frå løna.

Om tenestepensjonsordninga

  • Ordninga omfattar alle tilsette (faste og mellombels).
  • Ordninga garanterer medlemene ein samla alders-/uførepensjon på minst 66 % av pensjonsgrunnlaget ved full opptening. Pensjonsordninga gjev òg rett til ektefelle- og barnepensjon.
  • Pensjonane vert regulerte i samsvar med regulering av folketrygda sitt grunnbeløp.

Om Avtalefesta pensjon (AFP)

  • AFP er den pensjon ein arbeidstakar har rett til i samsvar med denne tariffavtalen og vedtekter for avtalefesta pensjon i KS sitt tariffområde.
  • AFP skal vera eit tilbod om frivillig avgang med pensjon.
  • AFP gjeld for arbeidstakarar som har fylt 62 år og fyller særskilte vilkår.