Status for skogbruket i Stord og Fitjar

I totale skogbruksarealet på omlag 47.000 daa. Av dette arealet er 42.000 daa barskog og 5.000 daa lauvskog. Dei tilsvarande areala i Fitjar er 37.000 daa som deler seg på omlag 25.000 daa barskog og 12.000 daa lauvskog. I samband med skogsdrift er det også naudsynt med skogsbilvegar for å dra ut tømmeret. Per 31.12.1997 er det bygd 113 km skogsvegar i Stord og ca 50 i Fitjar. Berre i Stord er det planlagd 43 km nye skogsvegar fram til år 2020.

Sentrale oppgåver for SFLMK

Viktige aktørar i skogforvaltninga

Utanom SFLMK har Statsforvaltaren i Vestland ein sentral rolle i forvaltninga

Vestskog BA er ein samvirkeorganisasjon som er tilslutta Noregs skogeigarforbund. Hovedoppgåva deira er kjøp og sal av tømmer. Vestskog har eigne folk som driv med driftsplanlegging og ordnar alt det praktiske rundt tømmerdrifter. Dei er største aktøren på tømmeromsetnad i regionen, men dei driv også med ei rekkje andre oppgåver som skogbruksplanlegging, næringpolitikk, kompetansebygging, utmarksforvaltning og næringsutvikling.

Skogfond

Skogfondet skal gi skogeieren et bedre grunnlag for langsiktige investeringer, samt sikre viktige miljøverdier i den skogen som virket kommer fra, eller i annen skog som skogeieren har.

Omtale

Som skogeigar har du plikt til å setje av midlar til eit skogfond. Dette fungerer som ei tvungen fondsavsetjing slik at du sjølv kan bruke dei midlane som er avsette, til seinare investeringar på eigedommen din. Du kan få pengane utbetalt når du har gjort investeringar som er godkjende for bruk av skogfond. Ved utbetaling får du delvis skattefritak, med unnatak av utbetaling som skal gå til å dekkje meirverdiavgift. Skogfondsmidlar kan brukast til

  • all form for skogkultur
  • underskott ved tynningsdrift
  • etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon
  • nybygging og ombygging av skogsbilvegar og traktorvegar
  • vegvedlikehald av skogsbilvegar
  • meirverdiavgift
  • skogbruksplan
  • skogforsikring
  • grensearbeid i utmark
  • kurs og kursmateriell (aktivt skogbruk osb.)
  • miljøtiltak
  • bioenergitiltak

Vilkår

For at skogfondsmiddel skal kunne utbetalast, må du ha gjort investeringar i eigen skog. Investeringane og tiltaka må vere fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege og ikkje i strid med regelverket.

Rettleiing

Skattefordelar med skogfond:

  • Den delen av tømmerverdien som vert satt til skogfond reknar ein ikkje som skattepliktig inntekt
  • Beskatninga skjer først når pengane vert brukt frå fondet
  • 85 % av uttaket vert då skattefritt.

Du sender eit refusjonskrav om utbetaling av skogfondsmidlar (inkludert utbetaling for eige arbeid) til kommunen. Bruk søknadsskjema frå Statens landbruksforvaltning (sjå boksen til høgre).

Vedlegg

Kvitteringar og fakturaer for utgifter som du ønskjer å få dekt.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn, men du må sende krav om utbetaling av skogfondsmidlar til kommunen seinast eitt år frå utgangen av det kalenderåret du gjorde investeringa.

Saksbehandling

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Skogkultur

Når det i skogen veks opp nye plantar som skal ta over etter den gamle tregenerasjonen, seier vi at skogen blir forynga. Det kan gå føre seg ved naturlig forynging eller ved skogkultur.

Når trea som står på staden forynger seg sjølve ved spreiing av frø , er det naturleg forynging. Skogkultur er arbeidet med å få opp ny skog ved hjelp av midlar som skogen sjølv ikkje rår over.
Skogkultur er da først og fremst såing og planting, men omfattar også andre tiltak som er nødvendige for å få opp ny kvalitetsskog:

  • Markarbeiding
  • Rydding
  • Avstandsregulering
  • Grøfting
  • Gjødsling

Dei viktigaste fordelane ved skogkultur er at vi kortar inn ventetida og dermed får kortare omløpstid. Vi oppnår å få høveleg tette og jamne bestand med kvalitetsskog.

Vilkår

I følgje skogbrukslova har skogeigar plikt til å setja i gang foryngingstiltak innan tre år etter hogst.

Samarbeidspartnarar

Skogeigarlaget Vest, Vestskog BA

Rettleiing

Ved henvendelse til skogeigarlaget, skogkonsulenten i kommunen eller til Fylkesmannens landbruksavdeling kan du få informasjon og vegleiining.

Søknadsfrist

15. mai og 15. oktober

Klage

Vedtak fatta av kommunen kan påklagast til Fylkesmannen. Vedtak fattet av Fylkesmannen påklagast til Stastens landbruksforvaltning.

Kontakt oss

Åse Meling Underhaug

Tlf: 932 72 758

Send e-post