Kven får tilbod hjå oss?
Barn og unge med funksjonshemming.
Brukarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova.

Kva teneste yt me?

  • Avlasting (anten i privat heim eller i avlastingsbustaden i Sævarhagen.) Me yt både helg- og vekeavlasting
  • Omsorgsstønad
  • Oppfølging av barn og unge med utviklings-/funksjonshemming som bur i lag med føresette

Avlastingsbustaden i Sævarhagen
Brukarane får tildelt plass etter enkeltvedtak.
Døme på aktivitetar: Turar i nærmiljø, skogsturar, spel, teikning, maling og daglege gjeremål som t.d. matlaging.

Avlastingsbustaden er stengd jul, nyttår og påske.