Tiltaket gjeld på dyrka mark og innmarksbeite. Tilskotet er meint å kompensere for meirarbeid knytt til tilrettelegging og tilpassing av drifta. Tilskotet gjeld eng, med høgst sats der slåtten må utsetjast lengst.

Både vipe og storspoven er allereie kome, mens åkerriksa normalt kjem litt seinare.  

Du må allereie nå førebu eigen dokumentasjon for observasjonar og tiltak du gjer på våren for å tilrettelegging for hekking slik at du kan legge dette ved søknad om tilskot med søknadsfrist 15. oktober.

Reirlokaliteten/godkjent areal kan ikkje sprøytast med ugrasmiddel før etter hekkesesongen er avslutta og fuglane er reiste. Tilskotet er meint å kompensere for meirarbeid knytt til tilrettelegging og tilpassing av drifta. Arealet det kan bli gitt tilskot for skal ha påviste reir med egg av vipe, åkerrikse eller storspove.

Det kan søkjast om tilskot for tiltak som er utført i søknadsåret. 

Det er krav om at reir og fuglar må takast omsyn til gjennom heile hekkinga for både låg og høg tilrettelegging. Det kan difor vere nødvendig å gjere andre tiltak tilpassa eiga drift.

Eksempel på anbefalte tiltak som kan vere nødvendig for å ta omsyn til reir og fuglar:

  • Unngå gylling av reir ved å køyre utanom hekkeområdet, eller ved å dekke til reiret ei kort tid under gyllinga (til dømes med ein vipedisk eller bøtte).
  • Unngå å trekke gjødselslange/tilførselslange over reir.
  • Tilpasse køyremønster under slåtten slik at fuglane kan kome seg unna (sjå avsnittet «Fuglevenleg køyremønster» under skjøtselsråda under).

Kva areal det er aktuelt med tiltak på, tek utgangspunkt i påviste reir. For storspove vil reiret oftast liggje i eit beite, og tiltak kan då vere aktuelle på tilgrensande dyrka areal.

Vipedisk
Vispedisk. Foto: Karin Hansen Nærland, Hå kommune, Bondevennen.no

Utlån av vipedisk

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor (SFLMK) har 3 stk vipedisk for utlån. Desse kan nyttast til å beskytta reir ved bruk av gjødselslange/tilførselsslange. 

NB! Søkjar må kunne dokumentera utført tilretteleggingstiltak med framvising av foto ved eventuell kontroll. Tilrettelegginga skal utførast i samsvar med generelle skjøtselsråd; sjå skjøtselsråd for dei enkelte artane under. 

Tilskot til tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl (gjeld vipe, åkerrikse og storspove) | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)