Friskliv og Meistring er eit tilbod for deg som ynskjer støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar. Alle tilboda startar med ein individuell helsesamtale, for å kartlegge dine utfordringar og mål, samt gir oversikt over eventuelle tilpassingar som må gjeras for deg. 

Tilbodet vert tilrettelagt med mål om å betra kvardagen din gjennom open dialog og tett samarbeid

Du må verta motivert for å nyttiggjere deg av tilbodet. 

Korleis søkje

Tilsette

Bente Bjelland 
Tlf. 41 18 19 01
E-post: bente.bjelland@stord.kommune.no
Avdelingsleiar 
Frida Andreassen
Tlf. 90 12 84 78
Frida.Helene.Skaug.Andreassen@stord.kommune.no
Fysioterapeut 
Friskliv og meistring

Individuell oppfølging

Helsesamtale

Du får eit tilbod om individuelle helesamtalar under heile forløpet. Her fokuserer me på kva som er viktig for deg, for å nå dine mål. 

Me jobbar saman for å auke sin motivasjon for at du skal oppnå dine mål. 

Kosthold

Du får tilbod om kostholdsveiledning.

Gruppetilbod

  • Mandag 13.00-14.00 (inne) og onsdager kl 13.00-14.00 (ute)
  • Fokus: Styrke og utholdhenhetstrening som tilpasses den enkelte
  • Dersom du ynskjer kan du få tilbod om kondisjonstest i forkant av oppstart av treningsgruppe 

Gruppetilboda til kommunal fysioterapi finn du her

Gruppetilboda til ergoterapitenesta finn du her 

Kurs

Kurs - Meistring av langvarig smerte

  • Kurset er for deg som ynskjer hjelp til å mesitre langvarig smerte
  • Kurset består av en teoretisk og praktisk del
  • Kurset går over seks veker
  • Oppstart ved behov

Kurs for røyke- og snusslutt

  • Webbinar/webkurs over ein periode på seks kursdagar
  • Oppstart 08.03.23
  • Onsdag: Kl 14.00-15.30

Tankevirus

  • Tankevirus er eit kurs for deg som ynskjer å bli meir oppmerksom på eigne tanker. 
  • Webinar/webkurs over ein periode på tre kursdagar
  • Dato: 31. mai, 7. juni og 14. juni, kl. 09:30-11:00

KID

  • Kurs i meistring av depresjon
  • Oppstart 05.10.23, siste dag 30.11.23
  • Torsdagar kl. 11.30 til 13.30

Forutsetningar for å delta

  • Du må kunne koma deg til og frå tilbodet på eigehand 
  • Du må verte motivert

  • Du må bu i Stord kommune 

Kostnad

  • Eigenbetaling kr 327.- gjeld for heile reseptperioden, 12 uker. 
  • Eigenbetaling kurs kr 327,-