Tilbodet er lokalisert i Blåbygget i Sagvåg, og har opent 5 dagar i veka.

Dei som ynskjer eit slikt tilbod må søke om å få denne tenesta. Skjema (helse- og omsorgstenester) finn du lenger ned på sida. Ut frå behov kan ein få plass 1 eller fleire dagar i veka. Det er ein eigenandel på 180,- pr. dag for tilbodet.

Dagaktivitetstilbodet er delt inn i to grupper, som har kvar sine stover. Det vert servert eit lett måltid når ein kjem på morgonen, og middag før ein reiser heim. Tida mellom måltida vert nytta til ulike aktivitetar tilpassa brukargruppa. Dette kan være turar, trim, dans, spel og samtalar kring ulike tema ( til dømes frå bladet Sunnhordland). Det kan og være aktivitetar knytt til mat eller måltider.

Transport til og frå dagaktivitetstilbodet inngår i eigenandelen.

Demensteam

Demensrådgjevar

Møteplass for mestring 2022 - Kurs for yngre personer med demens og deres pårørande

 

Kontakt oss

53 40 31 69 / 902 72 117

Demensrådgjevar Randi Huglen

randi.huglen@stord.kommune.no