Korleis er eit rehabiliteringsopphald i dagrehabilitering?

Målgruppa til dagrehabilitering I Stord kommune er personar som har hatt eit brått  eller gradvis funksjonsfall. Søkjar må ha behov for intensiv rehabilitering i tilrettelagte trenings- og terapilokale, og ha behov behov for bistand frå fleire faggrupper for å nå måla sine.

Rehabiliteringsopphaldet tek utgangspunkt i «Kva er viktig for deg?» Me jobbar saman med deg mot eit avklart mål som til dømes kan vere:

Betre balanse – fallførebygging - betre gangfunksjon – vedlikehalde eller auke funksjon i alderdommen - gjenvinne funksjon etter sjukdom og skade - fokus på ernæring – gjenvinne tryggleik - gjenopprette sosialt nettverk - meistre kvardagen - språktrening- betre stemmestyrke

Søknaden vert tverrfagleg vurdert. Om ein oppfyller kriterier for opphald vil ein får eit tilbod, enten som individuell oppfølging eller i gruppe. 

Individuell oppfølging: Opphaldet er frå kl. 09:00 - 14:15 mandag, onsdag og fredag i fire veker. Trening vert tilpassa individuelt for deg som har fått eit brått funksjonsfall/sjukdom eller som treng individuell bistand i ein periode med trening. Du får tverrfagleg oppfølging av fysio- og/eller ergoterapeut, helsefagarbeidar eller anna helsepersonell. Samarbeid med logoped vert oppretta ved ved behov, men krev henvending frå din fastlege i forkant av opphald. 

Gruppetrening: Opphaldet er frå kl. 09:00 - 14:15 tysdag og torsdag i seks veker. Eit tilbod til deg som kan trene i gruppe med fysioterapeut. Aktuelt for deg som treng å trene styrke og balanse for å vere trygg og sjølvstendig i kvardagen.

For at du skal ha nytte av dagrehabilitering er motivasjon for trening viktig.

Du vil måtte samarbeide og delta aktivt i treninga for å nå dine mål. 

Praktiske opplysningar du treng å vita før eit opphald

Du må kunne forflytte deg mellom heimen din og Stord Kommunale Rehabiliteringssenter anten for eiga hand, eller ved å nytte eige transportmiddel. Du kan bli vurdert til å få taxi via Pasientreiser, noko som medfører eigenandel inntil frikort.

Eigenbetaling for dagrehabilitering dekkjer måltida og vert fakturert etter gjeldande sats i Kommunale avgifter og gebyr. 

Du møter i klede og sko som passar til trening. Evt badetøy og hygieneartiklar til dusj tek du med om du skal nytte bassenget. Ved vasslatingsplager må ein ha spesialtilpassa badetøy.

Ta ikkje med eigedelar av stor verdi. NB! Private eigedelar vert ikkje forsikra av kommunen.

Ta med deg dei hjelpemidla du har som du nyttar i kvardagen. Dette kan vere rullator, rullestol, hørselshjelpemidlar osv.

Dagsrytme

09:00-09:20 Frukost

09:30-11:30 Trening med fysioterapeut, aktivitet/eigentrening

11:30-12:00 Lett lunsj og pause

12:00- 13:30 Fellestrening, eigentrening

13:30 Middag

14:15 Avsluttar dagen 

Korleis søkje plass

 

Kontakt oss

Telefonnummer direkte til avdelinga: 90 27 33 65 

Konstituert avdelingsleiar Karianne Slettvåg: 
53 49 67 22/90 27 33 65

Einingsleiar: Kristin Steinsland

Prioriteringsnøkkel

Prioriteringsnøkkel individuelt tilbod 

Prioritering 

Eksempel 

Max. ventetid 

Prioritet 1:  
Personar med brått funksjonsfall  

Desse må vurderast for behov for forlenging av opphald. 

Personar som treng intensiv rehabilitering etter sjukdom/skade. T.d. hjerneslag og brot.  

6 veker  

Prioritet 2: 
Personar med gradvis funksjonsfall 

 Som hovudregel vert ikkje desse tilbudt forlenga opphald. 

 

Personar som pga sjukdom/skade har fått gradvis funksjonsfall. Har auka behov for hjelp i heimen, og kan utsette /redusere behov for helseteneste i heimen. 

Nye brukarar av tenestene vert prioritert over kjende der ein elles stiller likt. Ukjende brukarar treng meir omfattande kartlegging. 

12 veker 

Prioritet 3:  
Personar med varig nedsett funksjonsnivå/kroniske lidingar i stabil fase 

Som hovudregel vert ikkje desse tilbudt forlenga opphald. 

Personar som har behov for eit opphald på dagrehabilitering 1 gang i året for å få eit løft, slik at dei kan vedlikehalde dei funksjonane som trengs for å kunne bu heime.  

 

52 veker 

Prioriteringsnøkkel gruppetilbod 

Prioritering  

Eksempel 

Ventetid 

Prioritet 1: 
Personar med funksjonsfall  

 

Nye brukarar av tenestene 

 

Brått funksjonsfall med behov for intensiv styrke- og balansetrening i gruppe t.d etter akutt sjukdom eller skade. 

Brukarar som ikkje har vert på Dagrehabilitering før og treng eit fysisk løft. 

12 veker 

Prioritet 2: 
Personar som treng eit løft for å kunne bu lengst mogleg heime med så låg grad av hjelp som mogleg. 

Personar som har behov for eit opphald på dagrehabilitering 1 gang i året for å få eit løft, slik at dei kan vedlikehalde dei funksjonane som trengs for å kunne bu heime. 

52 veker