Frisklivssentralen gir tilbod til personar som treng rettleiing og oppfølging for å få meir helsefremjande levevanar. Levevanar som verkar inn på helsa er til dømes fysisk aktivitet, kosthald, røyking, rus og sosial kontakt.

Frisklivssentralen har både individuell oppfølging, gruppetilbod og  kurs.

Døme på faste aktivitetar:

  • Individuell samtale og rettleiing
  • Trening i gruppe ute (kondisjon og styrke)
  • Trening i gruppe inne i sal
    • Fallførebyggande trening
  • Gruppe for gravide i basseng
  • KID-kurs

 

Tilboda vil som regel vere opne for alle interesserte. Oppstart av kurs vert kunngjort med plakatar og via facebookside og instagram: Frisklivssentralen-Stord. 

Kostnader:

Eigenbetaling kr 308.- gjeld for heile reseptperioden, høvevis 3 mnd.

Dei fleste kursa har ein kostnad på kr 400,-.

Kontakt Frisklivssentralen for meir informasjon. 

Målgruppe

Frisklivssentralen er eit tilbod til personar i alle aldrar som, av omsyn til helsa, treng hjelp til å endra levevanar. Bakgrunnen kan vera risiko for å utvikla eller forverra sjukdom, eller at du opplever redusert livskvalitet. Sentralen kan i tillegg fungera som kontaktpunkt for andre helsefremjande tiltak i kommunen.

Det kan vera noke ventetid på våre aktivitetar.

Ta kontakt og hør om dette kan være noe for deg!

 

Sjå film om Frisklivssentralen:

Filmen er laga av elevar ved Medium og kommunikasjon ved Stord vidaregåande skule.