Rehabiliteringsopphald

Målet med rehabilitering er å auke eller vedlikehalde ditt funksjonsnivå, slik at du kan meistra å vera aktiv i eigen kvardag.

Me tilbyr eit individuelt rehabiliteringstilbod med tverrfagleg oppfølging av fysio- og/eller ergoterapeut, sjukepleiar/hjelpepleiar/anna helsepersonell. Samarbeid med logoped vert oppretta ved behov. Me jobbar saman med deg mot eit avklart mål. Du vil få trening individuelt og i gruppe. 

Du som brukar er den viktigaste samarbeidsparten og me legg stor vekt på kva som er viktig for deg. Avdelinga har treningssal og tilgang på varmtvassbasseng. Søkjar må ha eit tidsavgrensa behov for tverrfagleg rehabilitering, som er så omfattande, at det er behov for eit heildøgnsopphald i institusjon med ein intensivt rehabiliteringsprosess.

Besøkstid er alle dagar mellom klokka 16.00 - 19.00.

 

Korleis er eit opphald ved avdelinga

Alle romma på avdelinga har eige bad. I periodar der ein praktiserer dobbeltrom må du forvente å måtte dele rom eller byte rom i løpet av opphaldet. Dette vert vurdert fortløpande ut i frå samansetnaden av brukarar ved døgnavdelinga og ut i frå brukarane sitt funksjonsnivå og behov. Brukarar av same kjønn vert plassert i dobbeltrom.

Måltid:

Frukost / buffet kl. 07.30- 09.00

Lunsj – buffet 11:30-12:30

Middag kl. 15.30

Kvelds kl. 19.30

På helg og høgtidsdagar serverer me måltid til andre tider. Informasjon om dette får du i avdelinga.

 

Trening

Både individuelt og i grupper. Det meste av treninga føregår på dagtid. Du vert oppmoda til eigentrening på kveld og helg.

Tverrfaglig bemanning

Sjukepleiarar, fagarbeidarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og assistent jobbar ved avdelinga. Me har faste tverrfaglege møte med tilsynslege, heimebaserte tenester, tildelingskontoret, samt det er eit tett samarbeide med andre kommunale tjenester kring den enkelte sin situasjon.

Praktiske opplysningar du treng å vita før eit opphald

Toalettsaker

Husk å ta med såpe, sjampo, tannkrem, kremar, andre hygieneartiklar du nyttar

Sko

Ta med godt fottøy som er eigna til trening. NB! Privat innbu/eigendelar vert ikkje forsikra av kommunen.

Legetenester

Tilsynslege 2 gangar i veka. Fastlegen din har ansvar for helseoppfølging også når du er innlagt i avdelinga.

Hjelpemiddel

Ta med deg dei hjelpemidla du har som du nyttar i kvardagen. Dette kan vere rollator, rullestol, hørselshjelpemidler osb.

Transport

Ein må sjølv dekkje transport til og frå opphald på rehabiliteringssenteret.

Merking av tøy

Det er ynskjeleg at pårørande tek privattøy heim og vaskar. Ta ikkje med tøy du er redd for eller som ikkje toler maskinvask. Kleda må merkast med namn. Avdelinga tek ikkje ansvar om klede som vert øydelagt eller forsvinn.

Verdisaker

Ta ikkje med deg verdisaker av stor verdi til avdelinga.

Besøk

Det er små fellesareal ved avdelinga. Me oppfordrar dykk om å vera på romma når de har besøk. Unnatak er de som har opphald i dobbeltrom.
Når det gjeld besøk til bebuar på dobbeltrom, ta kontakt med personalet.

Korleis søkje plass

Nedanfor finn du søknadsskjema for pleie og omsorgstenester.