Ergoterapitenesta gjev tilbod vaksne og eldre med nedsett funksjonsevne, motoriske og kognitive vanskar. Ergoterapeutar arbeider for at alle skal kunne vera aktive i eigen kvardag og har fokus på å finna meiningsfulle aktivitetar for det einskilde. Ergoterapeutar tilrettelegg for aktivitet og deltaking i eigen kvardag ut i frå den einskilde sine ressursar. Ergoterapeutar har kompetanse til å kartlegge funksjonsutfordringar og bidra med tiltak som kan styrke brukar sin funksjon og deltaking i kvardagen gjennom trening, vegleiing og rådgjeving til brukar, pårørande og andre samarbeidspartar. 

Korleis søkje

Du kan søkje via søknadsskjema her

  • Dersom du har teneste frå før kan du sende ein beskjed eller melding via Helsenorge.no.  
  • Kvar henvending vil verta vurdert opp i mot om ein fyller kriteria for å vera mottakar av tenesta. Alle henvendingar vert prioritert etter ein prioriteringsnøkkel.
  • Teieplikt: Dei tilsette har teieplikt om personopplysningar. 

Tilsette

 

Bente Bjelland 
Tlf. 41 18 19 01
E-post: bente.bjelland@stord.kommune.no
Avdelingsleiar
Tonje Hovland 
Tlf. 48189821
E-post:  tonje.hovland@stord.kommune.no
Ass.avdelingsleiar 
Fysioterapeut
Sara Brosvik
E-post: sara.brosvik@stord.kommune.no
Ergoterapeut for vaksne
Heimerehabilitering
Solfrid Skumsnes Dahle 
E-post: Solfrid.Dahle@stord.kommune.no
Ergoterapeut for vaksne
Brita Monsen
E-post: Brita.Monsen@stord.kommune.no
Ergoterapeut for born og vaksne
Celina Solend
E-post: Celina.Solend@stord.kommune.no
Ergoterapeut for vaksne
Høyrselskontakt
Demensteam
Ole Christian Heimly
E-post: ole.christian.heimly@stord.kommune.no
Ergoterapeut for vaksne
Førebyggande heimebesøk
Kari Løbø Alfarnes
E-post: kari.lobo.alfarnes@stord.kommune.no
Ergoterapeut for born og vaksne

Kostnad

  • Tenesten er gratis. 
  • Gruppetilbod har ein kostnad på 327 kr for heile perioden.
  • Dersom du uteblir utan varsel eller ikkje avlyser avtalen før kl. 09.00 same dag blir du fakturert ein eigenandel på 250 kr for manglande oppmøte til avtalt time. 

Gruppetilbod

Handtreningsgruppe

  • Oppstart av gruppetilbod ved behov 
  • Handtreningsgruppe er dømesvis for deg som har fått ein skade og har behov for opptrening, for deg som har revmatiske sjukdommar og har behov for jamleg vedlikehald av handfunksjon eller for deg som har behov for opptrening/vedlikehald av handfunksjon som følge av andre årsaker. 

Gruppetilboda til kommunal fysioterapi finn du her

Prioriteringsnøkkel

Prioritet Eksempel

Prioritet 1 

Maksimal ventetid er 7 dagar.

Rask intervensjon vert vurdert å ha særleg stor betyding for at brukaren kan oppretthalde primærfunksjonar og lindring.
 

  • Personar med kort forventa levetid/terminal fase
  • Personar med akutt behov/alvorleg og brått funksjonstap
  • Akutte overgangsfasar
  • Vaksne/eldre med lungeproblem, akutt fase
  • Vaksne /eldre i terminal fase med kort forventa levetid
  • Vaksne/eldre som har eller står i fare for å utvikla trykksår

Prioritet 2

Maksimal ventetid er 14 dagar.

Tidleg intervensjon vert vurdert å ha stor betyding for at brukaren kan gjenvinne, oppretthalde eller utvikla/betra funksjons- og meistringsevne.

  • Personar der funksjon eller smertetilstand vil bli vesentleg forverra dersom intervensjon vert utsett
  • Personar med brått funksjonstap
  • Personar som er i overføringsfasar der tiltak må påbyrjas raskt
  • Personar som har behov for tiltak for å få/beholde utdanning/arbeid
  • Vaksne/eldre med lungeproblem, aktiv fase
  • Vaksne og eldre med alvorlege og/eller kroniske lidingar i aktiv fase
  • Vaksne og eldre med forverring i psykisk helse, livskvalitet og funksjonsevne
  • Nyopererte
  • Vaksne og eldre med fallrisiko utan tidlegare igangsatte tiltak
  • Vaksne og eldre med demens/kognitiv svikt der det er stor fare for skade eller brann
  • Rehabiliteringspasienter
  • Tilrettelegging ved utskriving fra 2. linetenesta
  • Hurtig progredierende lidingar
  • Kreft i terminal fase
  • Når vår vurdering er ei forutsetning for vidare oppfølging /behandling av andre tenester

Prioritet 3

Maksimal ventetid er 30 dagar.

Intervensjon er forventa å ha betyding for at brukaren kan oppretthalde eller utvikle/betre funksjons- og meistringsevne.

  • Personar med byrjande funksjonstap
  • Personar med deltagingsutfordringar
  • Slitasje på pårørande og tenesteutøvarar
  • Vaksne og eldre med langvarige psykosomatiske plager
  • Vaksne og eldre med langvarige /kroniske lidelser
  • Vaksne og eldre med fallrisiko
  • Behov for utredingar og funksjonsvurderingar, f. eks ifht. bustad, biltilpassing, eller kognitiv fungering
  • Vurdering i samband med henvising til spesialisthelsetenesta
  • Overgangsfasar f eks. overgong frå skule til arbeidsliv, byte av arbeidsplass, flytting til ny bustad
  • Problem ved utføring av daglege aktivitetar, som f. eks. å kunne bu i eigen bustad, delta i arbeidsliv, eller meistre omsorgsansvar (både somatikk og psykiatri)
  • Oppstart av individuell plan

Prioritet 4

Maksimal ventetid er 90 dagar.

Intervensjon er forventa å ha betyding for brukaren sin funksjons- og meistringsevne. Det anses som fagleg forsvarleg at intervensjonen vert planlagt fram i tid.

  • Personar med behov som kan planleggast
  • Vaksne og eldre med varig nedsett funksjonsnivå/kroniske lidingar i stabil fase
  • Behov relatert til hjelpemidlar, rettleiing og vedlikehaldstrening/behandling
  • Bistand i overgangsfasar (f. eks skule-dagsenter-arbeid)

Besøkstid

Eining for aktivitet og re/habilitering har innført at besøkjande til Stord kommunale rehabiliteringssenter må ha avtale med tenesteytar.

  • Har du ein beskjed eller melding som påverkar behandling og besøk, ber me deg nytte Helsenorge.no.  

  • ​​Er du ny brukar Send elektronisk søknad til kommunen om «kommunale helse- og omsorgstenester»

  • ​Har du behov for kontakt med våre tenester på telefon, gjer du det via Fellestenester på telefon 53 49 66 00.

  • Me ynskjer å gi den beste kvaliteten på tenestene våre. Ved å innføra avtale for besøk får tilsette betre tid til å gje brukarane våre gode tenester ved at ein unngår stadige avbrot i arbeidsdagen. Me handterer personsensitive opplysningar i våre lokale og tiltaket førebyggjer også brot på personver

Dømer på ergoterapitenester

Aktivitet i dagliglivet (ADL): Rådgivning ifht småhjelpemiddel, mestringsstrategiar ifht påkledning, måltid og stell.

Handfunksjon: Grepsvurdering/ finmotorisk vurdering, vurdering av handskrift (klipping, limning og fargelegging), praktisk og målretta trening for å auke funksjonsnivå.

Aktivitetsregulering og energiøkonomisering: Balanse mellom aktivitet og kvile.

Bustadtilpassing: Tilkomst bustad/rampe, omgivelseskontroll, bad/dusj/badekar/toalett/stellebord, seng, takheis/annen heis, hev/senkbare innredninger.

Bustadrådgivning: Bustadkartlegging, samarbeid husbank/entreprenører/arkitekt.

Bil og biltilpassing: Kartlegging og utforming av funksjonsvurdering til bil. Førebu saker til bilkontoret på nav. Bilsete, grep, gir og andre tilpassingar.

Ergonomi: Skrivebordsplater/underarmsstøtte, skrivebord, arbeidsstol.

Kommunikasjon/kognisjon/varsling: talehjelpemiddel, hukommelseshjelpemiddel, hjelpemiddel for planlegging og strukturering av dagen, flexiblinkanlegg og IR-anlegg til TV ifht hørselshemma, kalendrar.

Forflytningshjelpemiddel: Elektrisk og manuell rullestol mm.

Aktivitetshjelpemiddel: Sansestimulerande leiker, husker, kjelke/akebrett, sykkel.

Barnehage/skule/avlastning: Tilpassing av omgivelsene i samarbeid med personalet

Demensteam: Bidrar i demenskartlegging og tilrettelegging for heimebuande med demens, og deira pårørande.

Sansetap: Tilrettelegge for syn- og hørselshemma. Kompensere for synstap med hjelpemiddel. Samtalar med andre instansar til dømes syns og audiopedagogisk teneste (Sapt)

Førebyggande heimebesøk: Besøk til alle 78 åringar. Samarbeid med brann og sjukepleiar.