Frisklivssentralen gir tilbod til personar som treng rettleiing og oppfølging for å få meir helsefremjande levevanar. Levevanar som verkar inn på helsa er til dømes fysisk aktivitet, kosthald, røyking og sosial kontakt.

Frisklivssentralen har både individuell oppfølging, gruppetilbod og ulike kurs.

Du må ha frisklivsresept for å verta deltakar i Frisklivssentralen. Spør fastlegen din, nav, eller anna helsepersonell  om ein frisklivsresept.

Døme på faste aktivitetar:

  • Individuell frisklivssamtale og rettleiing
  • Trening i gruppe ute (kondisjon og styrke)
  • Trening i gruppe inne i sal
  • Styrketrening med apparat
  • Trening i gruppe i basseng

Døme på kurs:

  • Fallførebyggande kurs
  • Bra Mat-kurs
  • Røykeslutt
  • KID-kurs. Meistring av depresjon
  • Lærings- og mestringskurs: kognitive utfordringar og kols
  • Friskus - helsefremjande levevanar for familiar med born som går i 1. - 4. klasse
  • Aktiv etter kreft - styrketrening for menn

Kursa vil som regel vere opne for alle interesserte. Oppstart av kurs vert kunngjort med plakatar og via facebookside og instagramprofil: Frisklivssentralen-Stord. 

Kostnader:

Frå 1. september gjeld kommunale retningsliner for eigenbetaling. Dette medfører eigenandel på 300,- Eigenbetaling gjeld for heile reseptperioden, høvevis 3 mnd.

Dei fleste kursa har ein kostand på kr 400,-.

Kontakt Frisklivssentralen for meir informasjon. 

Målgruppe

Frisklivssentralen er eit tilbod til personar i alle aldrar som, av omsyn til helsa, treng hjelp til å endra levevanar. Bakgrunnen kan vera risiko for å utvikla eller forverra sjukdom, eller at du opplever redusert livskvalitet. Sentralen kan i tilegg fungera som kontaktpunkt for andre helsefremjande tiltak i kommunen.

Vilkår

For å nytta dette tilbodet, treng du tilvising frå Helse-, sosial-eller barnevernstenesta. Spør fastlege, fysioterapeut, heimesjukepleiar, NAV eller barnevernet om frisklivsresept.

Sjå film om Frisklivssentralen:

Filmen er laga av elevar ved Medium og kommunikasjon ved Stord vidaregåande skule.